-på historisk grunn
Opningstider for huset:
Mandag -Fredag
07:00 - 20:00
Lørdag
08:00 - 19:00
Søndag
09:00-20:00
Opningstider for kafè:
Langevåg skal vera eit framtidsretta og livskraftig samfunn med eit attraktivt bu- og oppvekstmiljø.
Me vil skapa ei framtid me vil sjå fram til!
Langevåg, eller tidligare Bømlo kommune, er eit område med tradisjonar og busetnad tilbake 7-8000 år i tid.
Bygda har så lenge historia går tilbake vore ein framgongsrik og god plass å vekse opp og bu i.
Folket har vore tilpasningsdyktige og alltid hatt noko høgare aktivitet og levestandard enn omkringliggande område (ref. bygdebøkene til Nils Kolle).
Framleis har bygda høg aktivitet og fleire arbeidsplassar enn folketalet skulle tilseie. Bakgrunnen for storsatsinga på Langevåg var at det etter kvart var mykje tomme hus i kretsen og lite born på skulen. Mange var urolege over dette og ein lurte på kva ein skulle gjere for å snu denne trenden.
Det ble kalla inn til folkemøte og etter møtet og mange samtalar seinare vart ein einige i at bygda hadde behov for eit allbrukshus. En komite’ på 12 personar blei valde på folkemøte og gitt namnet Langevåg Utvikling.
Desse satte no i gong med prosjektet. I dag vil folk ha meir enn arbeid og tak over hovudet. Ein vil og ha gode aktivitetstilbod på fritida. Ein ønska at bygda skulle leve vidare og målet for utviklinga var at en skulle få 30 nye innbyggjarar og bygge ti nye bustadar kvart år. Langevåg Bygdatun skulle bli på 5.500 kvadratmeter og ha ein prislapp på 60 millioner kroner.
Bygdatunet skulle innehalde ein skikkeleg helsestasjon med lege, tannlege og fysioterapeut, kultur og idrettsdel, butikkareal, kafe’, ungdomsklubb og lokale til å stille ut gjenstandar fra område som var gravd ut.
På Langevåg fantes den første industriarbeidsplassen i landet. Her var produksjon av grønnstein fra 8000-5000 år får Kristus, og det er gjort mengdevis av arkeologiske funn. "Her har det vore flinke og kreative folk, og den arva må me bringe vidare", sa eldsjela bak Langevåg Bygdatun, Lauritz Eidesvik, då han la ned grunnsteinen til Bygdatunet. Grunnsteinen innehaldt ein boks med teikningar over huset, ei avis, nokre små myntar, litt grønstein fra Hesperiholmen og ryolitt fra Siggjo (Det høgaste fjellet på Bømlo).
Copyright © Med enerett