Bestill en tur med M/S Gå På


Me skreddarsyr turar på bestilling for våre kunder.

M/S Gå På har serverings- og skjenkeløyve og me legg til rette turen etter dykkar ynskje om kva dykk vil ete og drikke og kvar turen skal gå.

Båten har blitt brukt til alt frå firmaturar, bryllaup, åremålsdagar, sightseeing,

fisketurar o.l.


For booking send mail til: oyvind@bygdatunet.no  

02 02 Båt GÅ PÅ på vei gjennom Kulleseidkanalen
81477452_2409165219195837_2304393586600312832_n
0 8L4C0889
0 IMG_4550

M/S GÅ PÅ er ein veteranbåt som blei bygget og levert frå Kjørve båtbyggeri i 1938.

Jomfruturen gjekk frå Haugesund til Aberdeen i Skottland og lasta var sild i tønner. Vidare seilte den lasta med reker og hummar til Frankrike.

Einskilde år var den oppe i 53 turar, og kvar tur tok 66 timar frå land i Norge til land i Frankrike.

Under den andre verdskrigen gjekk den i fraktefart langs Norskekysten.

I etterkrigstida fram til 1948 gjekk den i Østersjøen,

og fra 1948 blei den satt inn på fast frakterute mellom Bergen og Oslo.

I 1951 blei båten kjøpt av to brødre frå Espevær, Trygve og Truls Eiken. Dei gjorde lasting og lossing om til fiske, og drog mellom anna i Nordishavet, Lofoten og i Nordsjøen på fiske.

På 1970 talet blei det søkt om kondemnering av båten, noko som blei innvilga, og dermed var alt klart for å senke M/S Gå På til havets bunn.

Då kom Eidesvik & Co inn i biletet, fekk omgjort kondemneringa og kjøpte båten.

Siden den gong har det blitt gjort fleire oppgraderingar og investeringar for å kunne behalde dette flotte skipet. I 2014 var M/S Gå På ferdig etter ein omfattande renoveringsprosess og rusta opp for fleire oppdrag og mange gode seilande år vidare.